top.shtml
                                             
Logo




      

meny.shtml Tilbake til startsiden
2 timers ridetur
Barneridning
Rideleir
Resepsjon/Kiosk
Her finner du oss

Selskapslokale
Garden
Kart
Om oss
Aktivitetsoversikt
Påmelding

Kontakt oss


Postadresse:
Espedalsvegen 174
Fossanmoen
4110 Forsand
Norge

Telefon:
90986637



                     


                                                                      

kart.jpg (83846 bytes)

Fossanmoen ligg i Forsand kommune like ved fortidslandsbyen Landa og Forsand kulturhus med symjehall, idrettshall, bibliotek og kino.

Det er 3 km til Lysefjorden. Det er 3 daglegvarebutikkar mindre enn 5 km unna. Me har skytebane, trialbane og ridebane (ovalbane 200 m) 2 km frå oss. Det er 15 minutt å køyra med bil til Jørpeland sentrum eller til utgangspunktet for å gå til Preikestolen. Fossanmoen ligg 3 km frå Forsand ferjekai som er startpunkt for båttur til Lysebotn. Inne i Lysebotn finst Lysevegen og Kjerag. Det er 5 km til Helle, kor Espedalselva renn ut i Høgsfjorden. Espedalselva er ei fin lakseelv som det går an å kjøpe fiskekort i. Oanes ferjekai er 7 km unna. 10 minutt på ferja her så er det 20 km til Sandnes, 30 km til Sola flyplass og 40 km til Stavanger. Frå Sandnes går E39 sørover mot Kristiansand. Sørlandsbanen har også jernbanestasjon på Sandnes. Ved Oanes ferjekai ligg også Lysefjordsenteret (restaurant, opplevingssenter, turistinformasjon)

Dersom du er på desse kantar, og køyrer over Lysefjordbrua, så finn du skiltene som viser veg til Fossanmoen.