top.shtml
                                             
Logo




      

meny.shtml Tilbake til startsida
Islandshestsenter
Feriesenter
Kurssenter
Klatresenter
Selskapslokale
Kennel
Garden
Kart
Om oss
Aktivitetsoversikt
Påmelding

Kontakt oss

Postadresse:
Espedalsvegen 174
Fossanmoen
4110 Forsand
Norge

Telefon:
51703761
90986637



                                                                                         
                    

Vi som bur og arbeider på Fossanmoen er Torstein,1963, Perly Anett,1972, Thorstein,1995 og sist men ikkje minst Otto,2013.

Medarbeidarar:

Hannah Johannesen er ansatt som lærling i hestefaget.  


wpe1F.jpg (6498
                          bytes)

Torstein er oppvaksen på garden og har drive med hest sidan 1976. Etter endt 9årig grunnskule gjekk han 1 år på Kvås Folkehøgskole, deretter tok han landbruksutdanning ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke. Han hadde også ein kort periode på Vetrinærhøgskolen i Oslo for å bli inseminør, før han avtjente verneplikten i Vatneleiren ved Sandnes. Sidan 1982 har han vore tilsett i deltid som inseminør på ku, gris og sau. I alle år har Torstein vore aktivt med i gardsdrifta, og har hatt det praktiske hovudansvaret sidan 1984. Torstein har temt og trent alle sine hestar frå starten. Torstein er godkjent lokallagsdommar og  B-instruktør.

 

Perly er oppvaksen på gard på Helle i Forsand kommune.Etter grunnskulen gjekk ho 3 år på gymnas. Deretter arbeidde ho ei stund som vikarlærar og assistent ved Forsand skule. Ho har gått 2 år på Vinterlandbruksskulen i Ryfylke. Perly starta med hest rundt 1990. Ho er aktiv konkuranserytter og er ansvarleg instruktør på alle ridekursa og rideleirane her på Fossanmoen. Perly er A instruktør.

 

 

Thorstein er fødd i 1995. Han har fagbrev som tømrer. Har tatt agronomutdanning og avtjener for tida verneplikten som brannsoldat i Bardu.

Her er Thorstein på besøk hos bestemor for mange år sidan og matar svaner på Lysefjorden!




Otto

Otto er fødd i 2013 og er ein aktiv og glad gutt. Han går i barnehage i vekedagane og trivs godt med det.