top.shtml
                                             
Logo




      

meny.shtml
Tilbake til startsiden
Feriesenter
Gjestehus
Bondegårdsferie
Ridetur til Uburen
2 timers ridetur
Barneridning
Rideleir
Resepsjon/Kiosk
Her finner du oss


Selskapslokale
Kennel
Garden
Kart
Om oss
Aktivitetsoversikt
Påmelding
Kontakt oss


Postadresse:
Fossanmoen
4110 Forsand
Norge

Telefon:
51703761
90986637
Fax:
51703861


                
           
        

Dagstur til Uburen. 3 - 4 times varighet

Deltakerane får først utdelt ridehjelm og hestar. Deretter gir turleiaren ei kort orientering om turen og om handtering av hestane. Utstyr blir tilpassa og turen startar. Først rir me på bilveg ei stund, slik at deltakarane får sitje seg litt "varme" i salen før me går inn i terrenget. Når me så kjem inn i terrenget byrjar stigninga opp til Uburen med det same. Dei første bakkane er lange, bratte, og steinete. Mange får her eit godt inntrykk av kva islandshestane er gode for.

Etter denne klatringa flatar terrenget ut og me får følelsen av å vere på høgfjellet. Så er me allereie i nær 400 meters høgde også. Her får me flott utsikt over Rossavik, og indre del av Høgsfjorden. Utover mot endepunktet får me no ein behageleg og fin sti. Litt opp og litt ned, og med god utsikt heile vegen.

Heilt framme står me 416 meter over havet, og kan nyta ein fantastisk utsikt utover mot Boknafjordbassenget. Me ser Lysefjordmunningen, Forsandbygda, Lauvik - Høle - Ims, Stavanger, ja heilt til Karmøy og Bokn på godversdagar. Her har me ein kort pause, før me vender heimover att.

Tilbaketuren går i same traséen som opp, men me får ein heilt annan opplevelse fordi det blir så mange nedoverbakkar. Ein del fryktar desse bakkane, men når det heile er unnagjort, og alt er gått godt, så ligg smilet heilt opp i dagen!

Turen går gjennom forholdsvis tøft terreng, men tempoet blir halde lågt, så sjølv om mange uerfarne er med på turen, så er me sparte for alvorlege uhell.

Sagt om turen: "Fantastiske hester", "For en utsikt",
"Ikke tur for pyser", "Skummelt", "Spektakulær tur"

Oversikt over turar/påmelding  her

I forbindelse med påmelding kjem det eit komentar-felt. I dette feltet ber me dykk skrive inn litt om kva erfaring de har med ridning.
Spørsmål til oss må ikkje skrivast i dette feltet, men på eigen epost, evt bruk kontaktsjema frå startmenyen.

På vei




 

wpe2.jpg
                                (9853 bytes)

Far_og_datter.jpg (69492 bytes)

Uburen_mot_Vest.jpg (29813 bytes)

Uburen_mot_Nord.jpg (56762 bytes)