|
||||
Islandshestsenter Feriesenter Kurssenter Klatresenter Selskapslokale Kennel Garden Kart Om oss Aktivitetsoversikt Påmelding Kontakt oss Postadresse: Espedalsvegen 174 Fossanmoen 4110 Forsand Norge Telefon: 90986637 Mail: fossanmoen at fossanmoen.no |
Stallplass
Det er mulig å leie stallplass til egen privat hest hos oss. I stallen er det plass til 35 hestar. Vilkår for leige av stallplass på
Fossanmoen
Oppdatert 31. januar
2022 Me ynskjer velkomen som
leigetakar av stallplass hos
oss, og håper de vil trivast her. Me vil prøve å
leggje til rette for at alle
skal kunne ha det greitt, og håper at alle stiller
med same innstilling.
For at leigeforhold og samarbeid skal gli
lettast mogleg, har me sett opp nokre punkt som me
ber alle legge merke til.
Elles håper vi på ein åpen dialog, slik at vi kan
rydde opp i evt. uklarheter
snarast råd. 1.
Hestane
oppstallast på
leigetakars ansvar. 2.
Leigetakar
har alt ansvar
for föring og stell, unnateke er høyföring som
normalt blir gjort av
utleigar. Det
er eit mål at høyföring om
kvelden er det siste som blir gjort før lyset
sløkkes. Det kan difor hende at leigetakar
blir bedt om å före høy dersom han går sist frå
stallen då det er ynskjeleg at
alle hestane förast samstundes.Det hender også at me
ber om hjelp til
foring/måking dersom me er borte i helger. Dette
prøver me å fordele så godt me
kan på leigetakarane. 3.
Utmåking
skal normalt skje
dagleg. 4.
Vaskeboks, vaskemaskin,
longeringshall, ridehall, banar og liknande kan
brukast av alle. Alt skal
reingjerast straks etter bruk. Organiserte kurs og
liknande i utleigars
regi har likevel fortrinnsrett. 5.
Alle har ansvar for at gangar,
fellesrom, banar og anna uteareal blir
halde ryddig og reint.
(Fjerning
av hestegjødsel m.m. og dagleg soping i gangar). 6.
Utstyr
skal setjast på
tilvist plass etter bruk. 7. Det skal
betalast månedleg leige. Leiga
skal betalast som forskot.
Dette inkluderer stallplass, grovfôr og
strø. Aktuellt grovfôr vil variere etter årets
avling. Det kan avtalast
ekstrabetaling for
tilleggstjenestar. 8.
Leigetakar må sjølv ordne med
evt. tileggsfôr/spesialfôr.
9.
Luftegardar skal alltid
gjerast reine straks eter bruk. Det skal ikkje
forast i luftegardar. 10. Dersom hest blir tatt ut av
stallen for "ferie eller liknande"
i meir enn ein månad skal det
ikkje
betalast leige for denne tida. Dette må avtalast på
førehand. Blir hesten borte
i
kortare
tidsrom skal det betalast vanleg stalleige. 11. Det
kan ikkje forventast at det kan tilbys uteareal for
"ferie eller liknande"
av utleigar til ei
kvar tid. 12.Stalleige
blir fakturert i begynnelsen av kvar månad. 13.Leigeforholdet
kan seiast opp av begge partar med 3
mnd. varsel. Leigetakar er kjendt med
at muligheter for lufting
av hestane er begrensa. Utleigar kan justera
leigeprisar årleg den 1.
september med verknad frå 1. oktober same året.
Stalleige islandshest
inkl høy og strø pr mnd
kr 2500,- (Gjelder fra 1 oktober 2022) Stalleige islandshest
inkl høy og strø pr
døgn
kr 300,-
|